Kristoffer Olsen Uhlen
Kristoffer Olsen Uhlen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. februar 1757 Modum kommune |
Død |
24. februar 1841 (84 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Kristoffer Olsen Uhlen (5. februar 1757–24. februar 1841) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Modum i Buskerud.
Uhlen var fødd i Snarum sokn i Modum. Han var gardbrukar på farsgarden, og var elles lensmann i Modum.
Uhlen var 1. representant frå Buskerud til Stortinget i 1815-16. Han var medlem av fem komitear; om land-, skog- og bergvesen, om sagbruk for utskiping, om bergverkslova og Kongsberg sølvverk og om bondestandens næringsfridom.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Kristoffer Olsen Uhlen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv